Odd Nordstoga på Hedleberget

Arrangementsinformasjon

Endeleg kan me ynskja Odd Nordstoga velkomen til Hedleberget på Voss!
Me ynskjer arrangera konsert i Hedleberget 15. august. På grunn av korona lyt me gjera det på ein ny måte denne gonga - og det vert to konsertar med kun 200 billettar per konsert. Det vert ein kl 1830, og ein kl 2030. Dersom retningslinjene til folkehelseinstituttet endrar seg før 15. august vert dette slått saman til ein konsert. Dersom konserten vert avlyst grunna korona, vert billettane refunderte (minus bill.avg). 

Meir informasjon ang praktiske høve kjem på epost når konserten nærmar seg. 

Litt meir info om musikaren: 

"Odd Nordstoga er klar for sommaren!

På TV har du sett han på «Hver gang vi møtes» og truleg blir det eit par låtar med derfrå ut på konsertscenene. Kanskje også ein smakebit frå eit nytt soloalbum som kjem i løpet av året, men både Frøken Franzen og Farfar blir nok fornærma om dei blir sett til sides, så dei må få vera med. Utover det får berreden som ser sjå. Heilt sikkert er det at Noregs svar på Odd Nordstoga, han kjem. Og han er kjempeglad for å koma ut på tur og møte folk igjen, og vil strekke seg langt for at folk skal bli glade. "

Velkomen til Hedleberget!
Det vert servering av drykk, men ingen mat denne gonga. 

nordstoga
hedleberget
kyte
voss

Restriksjoner

Epost med meir informasjon kjem nærare konserten. Viktig å fylgja FHI sine råd om avstand.